Tweet This

Heimen Husfliden avd. Rosenkrantz' gt.

Heimen Husfliden avd. Rosenkrantz' gt.

Over 120 år som bunadsleverandør

Bunader frå heile landet og dei aller fleste av desse bunadene er også utvikla her hos oss, i samarbeid med lokale eldsjeler og husflidslag. Vi har systove i Oslo sentrum der våre dyktige tilsette alle er bunadsekspertar. Her har dei kontroll på hele prosessen frå måltaking via påteikning og klipping, til saum, tilpassing, prøving og montering av bunaden. Modellar av bunadene våre finner du i butikkane på Glasmagasinet og i Rosenkrantz' gate.

128 år som Norges største bunadsleverandør

Heimen Husflidens avdeling Rosenkrantz’ gate 8 består av butikk og bunadsproduksjon. Butikken fokuserer på bunad og bunadstilbehør, i tillegg har vi eit breitt utval av vakre tekstilar, klesplagg, gåve- og bruksgjenstandar innan norsk og nordisk handverk og design. I produksjonsavdelinga arbeider tilsette på sy- og teiknestova med å produsere bunader.

Butikken på GlasMagasinet har ein del av dei same varene og bunadene som avdelinga i Rosenkrantz’ gate, men er meir profilert mot handarbeid. Der finst det eit rikhaldig utval av strikkegarn, broderiutstyr, vev og hobbyartiklar.

 

Kompetanse

Vi er stolte av at våre tilsette har mange fag og sveinebrev. I tillegg har fleire utdanning frå Drakt og samfunn, tallause kurs og seminar, konfeksjonsteknikar- og ingeniørutdanning frå inn- og utland.

Heimen Husfliden er ein del av Heimen Husfliden AS. Divisjonen består også av Solhjell AS,  som produserer bunader og bunadstilbehør som blir selt til forhandlarar rundt om i Norge.

 

 

Heimen Husfliden as er eigd av Bøndenes Hus som igjen er eigd 100 % av den frivillige organisasjonen Bondeungdomslaget i Oslo (BUL). BUL er ein frivillig organisasjon, grunnlagt i 1899, som tilbyr aktivitetar som folkedans, musikk, teater og idrett for folk i alle aldrar. Aktivitetane til BUL er tufta på norsk folkekultur, bruk av nynorsk og dialektar og tilbod om eit rusfritt miljø. BUL eig Bøndenes Hus AS 100 %.
http://bul.no/

Bøndenes Hus AS eig eigedommen Rosenkrantz’ gate 8 og har dotterselskap som driv innan bunadsproduksjon, husflid, overnatting og kafé.
I tillegg til BUL si verksemd, huser eigedommen to av dotterselskapa.
Dei andre selskapa i konsernet er:

Hotell Bondeheimen, etablert i 1913, eit hotell med 145 rom og konferanseavdeling.
Kaffistova, grunnlag i 1901, er ein av byens mest tradisjonsrike kafear som serverer norsk tradisjonsmat.
http://www.bondeheimen.com/
http://kaffistova.com/


Opningstider

Rosenkrantz’ gate 8 (inng. Arbeidergt), 0159 Oslo

Måndag – fredag  10 – 18
Laurdag  10 – 16

 

Glasmagasinet, Stortorvet 9, 0155 Oslo

Måndag – fredag  10 – 19
Laurdag  10 – 18


Systova i Rosenkrantz’ gate 8 (inng. Arbeidergt), 0159 Oslo

Måndag – fredag  10 – 15
Laurdag    Stengd

 

Handle på nett: heimenhusfliden.no/nettbutikk

Alltid ope

 

Har du spørsmål?

Kontakt oss gjerne på e-post: sentralbord@heimenhusfliden.no,
telefon +47 23 21 42 00 eller på
messenger: m.me/heimenhusfliden